• collettsgate 6 - map
  • 0169 oslo - norway
  • telephone +47 22 59 84 84
  • mobile +47 90 08 16 85
  • email mail@lautom.no
< 24. May - 17. June >

Kjetil Kausland - No holds barred

Det første du legg merke til er blikket. Kanskje framfor alt er det dette som bind saman desse bileta, meir enn omstendene subjektet er i; alle har det same blikket. Umuleg å oversjå når du først har sett tilstrekkeleg lenge. Utmerker seg ved ei grad av konsentrasjon som knapt lét seg tenka og dess mindre, omsetja i ord. Den stadig tilbakevendande mistanken om at desse auga ikkje er auga til eit menneske, men noko anna – delvis dyrisk, men like mykje noko som me ennå ikkje har blitt. Eit hint om kva me kan vera. Eller kan henda, har vore ein gong.

Først etter dette bit du deg merke i omstendene, bokseringen, nærkampane, blodet og den totale utmattinga. Denne biletserien Kjetil Kausland har teke av menn i nærkamp, byrjar og endar likevel med blikket, eit adrenalinrusa sentrum i ein sverm av skarpe detaljar – ikkje noko som ser ut til å kunna falla ut av fokus – og du veit instinktivt, at dersom dette hadde vore ein film ville han vore i ekstrem slow motion. Så slow – eitt bilete i sekundet, cirka – at ein umuleg ville kunna unngå ein einaste ørliten detalj. Slaga som blir utdelte, harde, tunge og blir mottatt i eit langsamt regn av blod og sveitte. Kvar einaste drope, krystallklår, glitrande. Lyden – ein vedvarande valdsam larm frå både publikum og utøvarar – er også nedfelt i bileta, kanskje redusert til ein strengt visuell støy, men det speler inga rolle, du HØYRER dei der bileta, like mykje som du ser dei. Det finst nokre få fotografar som har denne særskilde evna til å lokka fram refleksjonar i andre sansar enn synet – og her kan det verka som om sjette sansen blir pirka i, for det tar heller ikkje lang tid før ein kjenner smaken; salt og metallisk, eller lukta; den der blandinga av gymsal og angstsveitte. Du kjem heller ikkje unna den mørbanka fysiske kjensla; hevingar og blåmerke som veks, ei smerte som ein instinktivt overser så lenge endorfinane kikkar inn i bakhovudet. Og me aner nærveret av den sjette sansen allereie i representasjonen av dei fem andre som manifisterer seg i oss og inkluderer sjåaren som ein naturleg del av biletet – den telepatiske kontakten mellom utøvarane, og også vidare til oss.

Og det eineståande er jo nettopp den paradoksale stilla som oppstår av alle desse subversive faktorane. Som om den valdsame utladinga som er biletas målemne, utgjer grunnlaget for noko nesten sakralt, noko i nærleiken av ei religiøs erfaring. All denne konsentrerte krafta i ei ekstrem utlading, etterfølgd av ei total, omfattande utmatting. Ein stad mellom desse ytterpunkta er dei fleste av oss, og me kjem alltid til å trenga førebod om kor det no er me har våre avgrensingar. Eg har ein mistanke om at Kjetil Kausland her har dokumentert eitt av våre ytterpunkt slik sett. Og då har eg ennå ikkje nemnt den underlege auraen av kjærleik og respekt som desse augneblinksnedslaga i kampens intensive varme utstråler; men det ligg kanskje ein leietråd i at bileta av to menn i nærkamp på golvet, ikkje er heilt ulik ei omfamning som tangerer det homoerotiske, driven av ein aggressiv libido. Fullstendig urørt er det under alle omstende vanskeleg å vera.

Tommy Olsson  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjetil Kausland
No Holds Barred
Installation view, Lautom may 2007 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjetil Kausland
No Holds Barred
Installation view, Lautom may 2007

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjetil Kausland
No Holds Barred
Installation view, Lautom may 2007

 

james

Kjetil Kausland
0:43, 1. round, KO, 2007
digital c-print
80 x 110 cm